Skulebesøk Social- og sundhedsskolen Fyn

Hei og beklagar for lite blogging, men me har som sagt ikkje tid eller er alt for slitne. 

Onsdag var me på besøk på Social- og Sundhedsskolen Fyn der Helle jobbar. Me fekk vera med dei som går "grunnforløpet" i barne- og ungdomsarbeidar.

Me starta dagen med ein litt seinare frukost sidan me ikkje skulle vera på skulen før 9- halv 10. Me tok bussen ned i sentrum ca. halv 9 og gjekk bort til skulen. Kvart over 9 kom Helle ned i resepsjonen og henta oss. Då fekk me sjå lærerværelset, fekk kvar si flaske vatn og sat der og prata litt. Ca klokka halv 10 gjekk me opp i klasserommet til dei me skulle vera med og helste på dei. Dei hadde dansk så me såg oss egentlig berre litt rundt i klasserommet og kikka på det som var på veggane medan dei andre jobba. Kl. 11 kom Helle inn og skulle ha samfunnsfag om klassen. Då snakka me om Norge, kva dei i klassen visste om Norge og hadde ein slags test på internett om byar i Europa. Så hadde me lunsjpause kl. 12. Då fekk me mat frå kantina og åt på lærerværelset saman med Helle. Etter lunsjen gjekk me saman med heile klassen og Helle ut i sentrum og gjekk litt rundt. Elevane skulle ta bilde av noko dei forbinda med EU som dei skulle bruke i ei oppgåve ein an dag. Då klokka var ca halv 2 fekk me gå, så me sa hadet til Helle og klassen og takk for at me hadde fått kome på besøk. 

Etter å ha sagt hadet, gjekk me litt rundt i gågatene før me åt lunsj på Thai Wok, som me hadde fått anbefalt av Lene. Der var det kjempegod og billig (!!!) thai mat som me tok med oss og sat oss ned på nokre benkar i ei koselig gate for å ete. Deretter såg me oss litt meir rundt og shoppa litt i gågatene før me tok bussen tilbake til internatet. Då slappa me av før me åt middag og deretter litt oppgåveskriving.










Det var ein veldig koselig dag og me takkar Helle og klassen for at me fekk kome på besøk!:)

- Veslemøy, Mona og Emma

Mølleparkens plejecenter

Sønderborg

Jeg har min praksis på Mølleparkens plejecenter og det er et pleiehjem hvor man betaler for en bolig. Man kan bestille ulike pakker, hvor for eksempel full pleie er en del av den pakken. Jeg jobber i et bygg som heter Damhuset, som ligger rett ved Mølledammen. Her er man med å hjelper til med medisin, stell, mat og andre ting avhengig av hvor mye hjelp en beboer trenger. Jeg har for eksempel opplevd at man faktisk har tid til å sette seg ned å spise og prate sammen med beboere her. 

 
Slik ser jeg ut på jobb hver dag

 


Jeg har fått et "skilt" hvor det står navnet mitt og hva jeg jobber som. I Danmark heter helsefagarbeider, Social- og sundhetsassistens (SSA). I tillegg har jeg fått en penn og en notatblokk som jeg bruker til notater. 

 


Her kan man se ene boligen som har utsikt mot Mølledammen

 


Mølledammen


 
Her kan man se litt hvordan det ser ut på ene siden



I denne bygningen til venstre pleier jeg å gå inn i om morningene når jeg starter på jobb. 0700. 

Mølleparken ligger ganske sentralt. Jeg går til jobb hver ukedag og det tar ca 10-15 minutter å gå. 


I Danmark har de også en god del hjelpemidler som jeg har fått prøve ut her på pleiehjemmet. De er veldig praktiske og gjør det mye lettere å arbeide, og ikke minst er det ergonomisk. De har blant annet:


Hjelpemiddel man bruker for å ta på støttestrømper 


Dette er en vendlet. Det er en seng med rullende laken. Denne bruker man i forflytning



Loftlift. Den bruker man om en bruker ligger i seng og skal forflytte seg til for eksempel en rullestol



Dette er en raizer. Det er en innovativ stol som man kan bruke om en bruker har falt på gulvet. På bildet kan man se hvordan den fungerer. 
 

Det jeg synes er veldig koselig med denne plassen er blant annet alle dyrene som bor her. Rundt i huset går det en hund, noen katter, de har akvarium med fisker, og utsikt mot Mølledammen med masse masse ender. Jeg personlig blir veldig glad når det er dyr i nærheten og jeg tenker at de fleste gamle også blir veldig glad for dette. 

 
Den fine hunden som holder til her


Jeg liker denne plassen veldig godt og trives på jobb. 

- Isabell

Mandag og tirsdag veke 3

Heihei! No tenkte me at me skulle fortelje litt om kva me gjorde i praksis og på ettermiddagen på mandag og tirsdag.

Mandag:

Me stod opp, åt frukost og sykla til jobb til kl. halv 9 som vanleg.

Veslemøy:

I barnehagen i dag var me fyrst i gymsalen og leika med masse ballonger. Avdelinga eg er på laga seinare fine tulipanar som me hang opp på vinduet på avdelinga. Det blei veldig vårlig og fint. Borna fekk klippe, med litt hjelp av voksen. Dei har "hjelpesakser" der både ein vaksen og eit barn kan halde samtidig. Ellers var me ute å leika etter lunsj og var inne i gymsalen etter me hadde ete frukt.

      

Mona:

I dag hadde nesten alle vaksne i barnehagen møte så eg og fire andre vaksne skulle passe på alle barna i barnehagen på alle avdelingane. Det var ikkje så fint vær så me var ikkje så mye ute idag. Var mykje frileik der eg blant anna leika med lego, pusla og teikna.

Emma:

Mandag og tirsdag gjorde me ikkje på så mykje anna enn me pleie å gjera på avdelinga. Då eg kom i barnehagen var det mat når kl. 9, men på tirsdag var det mat litt tidlegare for at ungane skulle få vere ute litt lengre. Når me kom inn igjen var det mat før ungane skulle legge seg. Eg har pause kl halv eitt og då kjenner eg at det er godt å kunne slappe av utan å høyre på mange som pratar eit anna språk enn du sjølv gjere. Eg var ferdig kl. 3.

Mandags ettermiddag gjekk til å slappa av, eta middag og logg/oppgåveskriving.

Tirsdag: 

Veslemøy:

Dagen i barnehagen starta med bursdagsfeiring av ein gut som blei 5 år. Då blei det pynta med duk med danske flagg på og guten fekk bursdagssong, rakettar og lys. Så fekk alle kake. Etter me hadde ete kake var me litt blanda på avdelingane og leika. Då kom Helle på besøk, så eg, ho og han som har ansvaret for meg i barnehagen hadde ein liten evaluering av vekene eg har vore der. Etter evalueringen var det lunsj også ut. Då me var ute begynte det plutseleg å hagle. Då sprang alle under taket til eit lite hus med benkar og ei stor bålgruppe i midten. For å finne på noko medan me sat der fekk alle borna slå spikar i ein stubbe. Då det slutta å hagle begynte borna å leike igjen og klokka 2 var eg ferdig for då skulle eg, Mona og Emma møte Julie og Katrine i byen. 

 

Mona:

I dag var det grupper igjen. Eg skulle få ha ei eiga lille gruppe der eg hadde planlagt ein aktivitet me skulle gjere. Me skulle male og ta glitter oppå malingen etterpå. Det var veldig kjekt for både barna og meg. Etterpå var det frileik. Så skulle barna ha lunsj medan eg hadde ein samtale med kontaktpersonen min i barnehagen. Etterpå reiste eg ut litt, før eg skulle inn å ha pause før eg reiste heim ein time tidligare enn vanleg for å møte nokre danske jenter som har vert i praksis i Norge.

Emma:

Mandag og tirsdag gjorde me ikkje på så mykje anna enn me pleie å gjera på avdelinga. Då eg kom i barnehagen var det mat når kl. 9, men på tirsdag var det mat litt tidlegare for at ungane skulle få vere ute litt lengre. Når me kom inn igjen var det mat før ungane skulle legge seg. Eg har pause kl halv eitt og då kjenner eg at det er godt å kunne slappe av utan å høyre på mange som pratar eit anna språk enn du sjølv gjere. Eg er egentlig ferdig kl tre kvar dag, men i dag var eg ferdig litt tidlegare saman med Mona og Veslemøy fordi me skulle møte nokon jenter inne i byen.

Tirsdag´s ettermiddag:

Me sykla inn i sentrum og var der ca. kvart over 2. Der møtte me Julie og Katrine frå Danmark som var i praksis på Voss i vinter. Dei viste oss litt rundt i gågatene i sentrum, viste oss H. C. Andersens barndomshjem og ein park, også var me på Lagkagehuset og åt kake og drakk kakao. Når me hadde vore med dei og hadde sagt farvel, gjekk me litt rundt i gatene og shoppa litt før me sykla heimover til internatet. Me sykla gjennom ein park på veg heim, der dei hadde nokon kjekke treningsapparat me berre MÅTTE prøva. Me stoppa og ved ei elv/ein dam for å sjå på nokon svanar og ta bilder av dei, men siden dei begynte å fresa mot oss (Veslemøy), prøvde å bita oss (Veslemøy) og kom opp på land og begynte å gå mot oss (Veslemøy) heiv me oss fort på sykkelen og sykla vekk der i frå. På veg heim begynte det å hagle og regne, så det var ein super sykkeltur heim :-) Då me kom heimatt slappa me litt av før me vaska litt klede og åt middag. Etter middag hengte me opp kleda våre og me utnytta all plass me hadde, for å sei det sånn. Resten av kvelden gjekk til meir avslapping, dusjing og oppgåveskriving.


H. C. Andersens barndomshjem



































 

- Veslemøy, Mona og Emma

Social- og Sundhedsskolen Syd

Sønderborg

Klokka 07.20 i dag tidelig, kom Lena å henta oss. Ho er internasjonal koordinator og underviser på Social- og sundhetsskolen syd. Det er ein videregåande skule for sosial-og sundhets hjelper/assistent, som er liknande helsefag arbeider og pedagogisk assistent som er liknande barne- og ungdomsarbeidar. Skulen er eit gammalt sjukehus, og var derfor lutt rart bygd inni, til å vera ein skule. Denne skulen ligg i Aabenraa, som er ca. 30 minutter her ifrå Sønderborg. Det var denne skulen me besøkte i dag. Først fekk me ein liten omvisning på skulen og i kantina av Lena, før ho fulgte oss opp til klassen me skulle vera med i dag. Dei skulle ha om personlig pleie. Først gjekk lærearen deira, Christina, i gjennom ein PowerPoint om personleg pleie. Så vart me delt i grupper, der me fekk nokon oppgåver me skulle gjere i lag. Etter ei stund gjekk me gjennom oppgåvene og snakka om dei. Etter ein liten pause fekk me utdelt uniform også gjekk me på pleierommene.







I motsetning til Rogne, hadde dei fleire pleierom. Dei hadde til dømes eit rom med vanlige sjukesenger, eit rom møblert og innredda som ei stova i eit hus, og eit rom til makeup og påkledning. Etterpå såg me ein film om sosial- og sundhetsassistentar i heimepleien. Når me var ferdige i klassen, hadde me matpause i lag med Lena og kollegaen hennas. Dei ville høra litt om korleis me hadde hatt det på skulen og så langt i praksisen. Det var veldig koselig og me fekk god mat. 

Me har komt litt lengre i utdannelsen vår enn klassen me var med i dag og kunne derfor litt meir om dagens tema. Dei hadde heller ikkje vore så mykje på pleierommet som me har. Men det var likvell veldig kjekt å sjå korleis dei hadde og korleis udanningsløpet er her i Danmark i forhold til Norge. Me synst egentlig det var litt innvikla å forstå utdanningsløpet deira, så på torsdag får me litt meir informajon om undannelsesløpet deira, og kjem då til å skriva litt meir om det då. 

Etter lunsjen eller frukost som dei kallar det her, skulle me eigentleg opp til klassen igjen, men læraren følte seg ikkje så bra og reiste heim, så elevane hennas fikk fri. Me reiste derfor ned og såg oss litt rundt i sentrum og gågata av fine Aabenraa. 







Når Lena var ferdig på jobb klokka 3 møtte me ho oppe med skulen igjen, også kjørte ho oss heim til dukkehuset igjen. Me er veldig glad for at me fekk vere med på skulen i dag og synset alle tre at det var ein veldig kjekk og lærerik dag. 

- Guro, Hanne og Isabell

Kjekke dagar her i Danmark!

Sønderborg

Etter jobb på torsdag fekk me besøk av kokkane (kokkenetildanmark.blogg.no). De lurte på om me ville bli med ut å gå ein tur. Denne dagen var det strålande vêr så me fant ut at me kunne ta oss ein tur langs stranda. Me såg både svaner og masse ender. På vegen tilbake gjekk me å prata om at det hadde vore kjekt å vore innom på slottet å kikka litt. Me visste ikkje kva åpningstidene var, men då me kom bort til slottet såg me at det var åpent. Sidan det var gratis for oss under 18 år tok me oss ein liten tur innom. Då me kom inn såg me at det var ganske mykje å sjå på, så sidan dei skulle stenge om 40 minutter fant me ut at me heller kunne reise tilbake ein dag neste veka. Etter turen reiste me heim å åt restar etter pizzaen me laga på onsdag, medan kokkane reiste for å ta solarium. Kl. 18.20 møtte me kokkane igjen og reiste på kino. Filmen me såg var Beauty and the Beast. Denne dagen var det verdenspremiere på denne filmen så det var ganske masse folk

   

    

   

   

   

   

Fredag etter jobb gjekk me å handla på butikken. Når me kom heim laga Hanne digg middag medan Guro tok oppvasken. Resten av kvelden gjekk til å skriva innleveringsoppgåve til skulen, sjå film og eta chips. 

Lørdag morgon vakna Hanne og Guro rundt kl 10.45. Me låg å tenkte på kva me skulle finne på denne dagen, og fant ut at me skulle ta turen til Kolding igjen og møte frisørane Lena, Ørjan, Elbjørg og Tamika (vatlefrisor.blogg.no) og barne og ungdomsarbeidarane. Me sjekka togene og fant ut at det gjekk eit tog kl. 11.36. Me heiv oss då rundt, gjorde oss klare og tok med oss knekkebrød og sylta til frukost i handa. Då me kom til Kolding tok me bussen opp til Hansenberg som er der dei bur. Dei var på Kolding Storcenter, så me reiste bort dit. Etter ei stund med shopping, reiste me bort til skolehjemmet dei bur på. Så reiste me 3, saman med den eine frisøren Lena bort på bowling hallen og skulle bowla. Dei hadde ikkje ledig bane før ein og ein halv time seinare så me spelte heller minigolf som dei også hadde der. Etter me var ferdige med minigolf gjekk me bort igjen på skolehjemmet og slappet av der ei stund før me alle saman reiste ned til sentrum og åt på Bones kor me hadde bestilt bord. Når me satt og åt fant me ut at me lika godt kunne sova i Kolding. Så når me var ferdige tok me alle ein maxi taxi opp til skulehjemmet igjen. Guro og Isabell sov hos Lena, medan Hanne sov hos Ørjan. 

   

  

   

I 11 tida søndags morgon, reiste me alle bort på skulen til frisørane, som ligg rett vedsiden av skolehjemet og åt cornflex som var det einaste skulen hadde å tilby av mat i helgene. Etter frukosten reiste me bort på Bilka å kikka litt. Resten av tida i Kolding slappa me av og såg på film. Klokka halv seks tok me bussen ned igjen til sentrum, der me vidare tok tog heim til Sønderborg. Etter ei lita stund på toget, fekk me beskjed om at me måtte bytta tog i Vojens. Der stod me å venta i ca 15 minutter. Etter enda ei lita stund, stoppa toget i Gråsten og me fekk beskjed om at det var ei bil som hadde kjørt ut på togskinnene og at det ville ta 1-2 timar å få den vekk. Det vart bestilt ein buss som skulle komma etter 5-10 minutter, den kom etter 40 minutter. Når me endelig kom heim igjen til Sønderborg og "dukkehuset", skulle me egentlig legga ut blogginnlegg om helg, men klokka var så mykje så me gjekk rett å la oss, slik at me fekk nok søvn til enda ein ny arbeidsdag. 

     

   

No sit me alle tre sletne etter arbeidsdagen, og skal snart laga middag. I morgo skal me besøka ein sosial- og sunnhetskule, som er det me kallar helsarbeidarfaget. Det kjem det eit innlegg om i morgo. 


- Guro, Hanne og Isabell

  

Veke nr. 2 i Danmark

Heihei! 

Me beklagar så mykje for at me ikkje har blogga denna veko, men me har rett og slett ikkje hatt tid eller ikkje hatt energi nok til å gjera da. Derfor kjem det heller no eit innlegg med eit sammendrag av heile veko. 

Mandag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag har me vore på jobb i barnehagane og kost oss. I barnehagen til Veslemøy har dei vore mykje ute og på tur, steikt flatbrød på bål, vore i skogen, ete lunsj ute, smakt nysteikt brød med nyplukka ramsløk i, og dreve med ansiktsmaling. 

     

Mona har i barnehagen hatt grupper kvar dag. Ho har vert på forskjellige grupper kvar dag, der eg har vert med forskjellige barn og vaksne kvar gong. Eg har vert på grupper der me blandt anna har lært barna å sage, språkgruppe og ei gruppe der barna får prøvesmake forskjellige matvarer for å sjå kva det smaker og om dei liker det eller ikkje. Har og hatt mykje frileik der dei har pusla, leika med lego og teikna mykje. Denne veka var der veldig fint vær så dei var mykje ute.

I barnehagen til Emma er det faste tidspunkter når dei skal ete eller ungane skal sove, så dagane er for det meste like. Men ungane finn på ulike leikar kvar dag, og ungane vert meir og meir vane med at ho er i barnehagen. Språket begynner og å verte enklare å forstå, sjølv om når ungane prøver veldig hardt å forklara ho noko, så prøve ho lika hardt å finna ut kva dei vil seia til ho. Ho er på avdelinga med dei minste ungane, så me er berre ute når det er bra nok vær. Når dei er ute likar ungane for det meste å vera på huska, sandkassa eller sklia.

 

Mandag vaska me og kle for fyrste gong her borte, og det gjekk veldig fint. Torsdag gjekk me oss ein tur i nabolaget rundt skulen på ettermiddagen. Då fann me ein liten dam med ender og Veslemøy blei fast bestemt på at me skulle mata dei. Så då blei da strake vegen til butikken for å kjøpa loff også tilbake for å mata endene. 

   
Fredags kveld åt me pizza på ei pizza sjappe rett atmed internatet, før Veslemøy og Mona tok toget til Kolding for å overnatta ei natt der. Der var me på besøk til frisørane til lørdags kveld, då tok me tog heimatt til Odense. I Kolding var me på kjøpesenteret som frisørane bur ved og shoppa litt der, før me reiste ned i byen og åt ein god middag på Bones i lag med frisørane og helsefagarbeidarane. 

Processed with VSCO with f2 preset            

Emma sin laurdag: 

I dag tenkte eg at sidan eg var åleina og det var så fint vær ute så skulle eg ut å finne vegen til kjøpesenteret. Det var ikkje så langt å gå, men når du ikkje viste kor du skulle så tok det litt lengre tid. Men når eg kom fram så begynte det å hagla, så eg var veldig glad for at eg rakk fram så eg kunne springe inn.😊 Når eg kom tilbake til internatet bestemte eg meg for å slappe av, men før Mona og Veslemøy reiste til Kolding hadde Mona laga så mykje rot at eg klarte nett så vidt å leve med det, så eg rydda litt i staden for.😅 Men ellers gjekk dagen til å snakka med gode venner på skype.

 

Søndag: 

I dag åt me ein sein frukost før me bestemte oss for at me ville bowla! Me tok bussen til litt forbi sentrum og gjekk ein 10-15 min før me fann fram til riktig plass, City Bowling. Det var ein veldig fin bowling hall og veldig kjekt og bowla. Når me var ferdige gjekk me, i surt vær, regn og vind, ned til sentrum og tok bussen heimatt til internatet. Så åt me middag og var ein tur på butikken, og no slappar me av, medan me ladar opp til siste heile arbeidsveke.

  

Veslemøy, Mona og Emma.  

 

Rolig søndag her i Sønderborg

Sønderborg

I går då me våkna var det ikkje ei sky på himmelen. Etter ei ganske slitsom veka med ny arbeidsplass og nytt språk fekk Guro og Isabell etterlengta søvn og sov litt utpå dagen. Etter ein sein frukost tok dei seg ein tur ut, for å sjå seg litt meir rundt her i Sønderborg. Dei gjekk ned med slottet og gjekk vidare langs stranda, som var veldig fin. Langs stranda og turvegen var det fleire fine benkar, statuar og eit lite utendørs "treningssenter". Hanne kom heim igjen i 5 tida. Ho har vore på besøk i Haderslev hos kjærasten sin, som jobbar på fraktebåt og var der denne helga. Litt seinare ut på kvelden fekk me besøk av kokkane, som invitert oss med ut på middag. Me gjekk litt opp i Perlegata her i Sønderborg og fant oss ein koselig restaurant. 

     
                                 
    








      



  

Fredag og lørdag<3

Idag var vi så heldige å få besøk av Lena, som bor i Kolding. Vi møtte henne først på togstasjonen også gikk vi på senteret for å kjøpe litt mat. Da vi kom hjem spiste vi pizza som kokkene hadde kjøpt med til oss. Litt senere på kvelden kom de på besøk også satt vi og hygget oss. 

  

På lørdagen tok vi tog til Kolding og dro på en kafe for å spise frokost. 

    

    

Videre reiste vi i gatene og kikket i butikkene som var der. Etter et par timer tok vi buss til der Lena og resten av frisørene bor for å se hvordan de hadde det hos seg. Vi var også på et gigantisk kjøpesenter der vi møtte de andre fra Kolding og Odense. Her shoppet vi og sa hadet til Hanne som skulle til Haderslev for å møte kjæresten. 

     

På slutten av dagen tok vi bussen ned til sentrum igjen, og spiste mat på en restaurant, også tok Isabell og Guro toget hjem igjen til Sønderborg.

  

- Isabell, Guro og Hanne
 



 

Tur til Kolding og rolig søndag

I helga så har me vert ein tur til Kolding hjå frisørane (www.vatlefrisor.blogg.no). Me skulle sjå korleis dei budde og korleis dei hadde det, men me fant ut at det var ikkje nødvendig å stresse med å reise tidleg. Derfor sov me litt lengre og me brukte god tid på å ete frukosten vår utan at me måtte tenke på å kome oss på jobb. Alt me måtte tenke på var å kome på riktig buss og finne ut av kor me skulle, for sykkelen skulle få stå for dagen. Me fekk god hjelp av Helle til å finne buss, og me trur ikkje me ville funne buss utan hennar hjelp.

Me tok bussen frå internatet i halv tolv tida, og tok toget til Kolding kvart over tolv. Det er ikkje ein veldig lang togreise, så me var framme i løpet av ca. 40 min. Det var når me kom fram at me fekk problemar. Me fant ikkje ut av buss, så då vart det taxi opp til Hansenberg der frisørane bur. Det var ein hyggeleg tur og taxisjåføren prata med oss og fortalte oss litt om korleis ting blei gjort i Danmark. 

  
Då me kom fram til Hansenberg fekk me velkomst med dansk flagg og me fekk sjå korleis dei budde. Så reiste me bort på eit stooort kjøpesenter like ved der dei bur og kjøpte oss mat og shoppa litt. Så gjekk me tilbake til der dei budde og slappa av litt, før nokon gjekk og nokon tok buss ned til byen. Der møtte me helsefagarbeidarane og me gjekk alle og åt i lag. Me hadde tenkt oss på Bones, men dei hadde dessverre ikkje bord, så me endte opp på ein barbecue restaurant. Dette fall ikkje i smak hjå nokon av oss.. Det var lite utvalg av mat, masssssse grill-os i restauranten, kaldt, lang ventetid og ikkje særlig god mat.. Då me var ferdige på restauranten sa me hadet til helsefagarbeidarane som skulle ta toget heim igjen til Sønderborg. Emma, Mona, Elbjørg og Tamika tok taxi opp igjen til Hansenberg, medan Veslemøy, Lena og Ørjan blei igjen for å handla litt på Føtex før dei tok Buss opp igjen. Ca. klokka 21 sa me hadet til frisørane og tok buss ned til togstasjonen. Så tok me tog tilbake til Odense og taxi heim frå togstasjonen. (Og det var ikkje trist at det var Justin Bieber som blei spelt på taxituren heim). Det var ein veldig koselig dag i Kolding og det var kjekt å få sjå nesten alle igjen. 

  

  
Processed with VSCO with f2 preset  Processed with VSCO with f2 preset

Processed with VSCO with f2 preset  Processed with VSCO with f2 preset
Processed with VSCO with f2 preset  Processed with VSCO with f2 preset
Processed with VSCO with f2 preset  Processed with VSCO with f2 preset
Processed with VSCO with f2 preset  Processed with VSCO with f2 preset
  Processed with VSCO with f2 preset
Processed with VSCO with f2 preset  
  
   


I dag, søndag, stod me opp ca. halv 10 og gjekk ned for å ete frukost. Så tok me oss ein dusj, fiksa oss og tok bussen ned til Odense sentrum ca. halv 2. Der gjekk me litt i gågatene og handla litt på dei få butikkane som hadde søndagsåpent, som TGR, Normal og Føtex. Då me skulle heimatt hadde me litt problemar med å finne buss, men med god hjelp frå Helle klarte me det heldigvis. Då me kom tilbake til internatet skulle me finna oss middag, men dei hadde nesten ingenting å tilby så det blei ein gåtur til nærmaste burgersjappe. 

   
Akkurat no sitt me mette, trøtte og fornøgde på rommet og slappar av etter ei koselig helg. 

Mona, Emma og Veslemøy

ENDELIG FREDAG!!

Då e da endelig fredag og helg, we made it! Første arbeidsveka er overstått og me er klare for ei avslappande helg der me kan sova lenger enn halv 7. Litt om dagen i går og i dag:

I går, torsdag, reiste me som vanlig i barnehagen og gjorde det same som vanleg. Mat, leik, mat, leik ute/inne, mat, leik. Har eit inntrykk av at dei et utrulig mykje oftare og meir i barnehagane her. Emma reiste heim tidlegare frå barnehagen enn vanleg då ho ikkje var heilt i form. Det har vore ein del sjukdom i alle dei tre barnehagane me er i, så det var ikkje rart ein av oss blei smitta. Veslemøy og Mona sykla heim klokka 3 og stoppa på butikken på veg heim for å kjøpe nasespray til Mona og halsdrops til Emma. Resten av dagen slappa me veeeldig av og tok oss faktisk ein tur på biblioteket på skulen for å skriva litt logg og rapport. I motsetning til alle andre på detta internatet som tydligvis hadde fått tidlig helg og ville feira da med alkohol og bråk i gangane, så la me oss halv 10(!!!!). 

I dag, fredag, var Emma fortsatt ikkje heilt i form så ho blei igjen på internatet etter frukost, medan Mona og Veslemøy sykla til barnehagane. I Veslemøy sin barnehage var det i dag "leketøy-dag" så ungane hadde med seg kvar sine leiker heimanfrå. Det var òg ei felles, lite songsamling for heile barnehagen. Ellers var det mat og leiking det gjekk i. I Mona sin barnehage hadde dei og ein songsamling for alle avdelingane utanom den minste. Det gjekk mykje i mat og leiking, og me var mykje ute idag sidan det var fint vær. I dag var faktisk fyrste dagen med sol sidan me kom, og det var veeeldig deilig! Klokka 3 sykla Veslemøy og Mona heim, og me var innom butikken i dag òg fordi me var svoltne og det var 2 timar til middag.. Då me kom tilbake på internatet slappa me av på rommet og venta til det var middag. Det stod på eit ark utenfor matsalen at det skulle vera chili con carne til middag i dag, så de kan jo bare tenka dekan kor skuffa me var då det ikkje var det alikevel... Derfor vart det ein sykkeltur på butikken og McDonalds rett etter middag. 

  

No sitt me på rommet og har slappa av sidan me kom tilbake og er nok ikkje lenge til me skal legga oss.

Mona, Emma og Veslemøy

8 mars 2017

I dag kom me oss faktisk til jobb tidsnok og var framme 5 min før halv 9!

Veslemøy sin dag:

Fyrst då eg kom sat eg meg ned med ei jente som teikna. Så kom det fleire born til bordet og me leika då med modelleringskitt, eller modelleringsvox som dei seier her nede. Når klokka var 9 var det frukt så me rydda opp og borna på avdelinga fekk finne fram maten sin. Idag var det 4 born på avdelinga eg er på, Solsikkerne. Etter frukten hadde Mehmed (han som har ansvaret for meg) litt fargeleik og "framfor, bakom, ved sida av-leik" med dei 4 borna (som er 3 år).



Deretter leika me med modelleringskitt. Klokka 11 var det lunsj (frukost som dei seier) og borna vaska hendene, fann fram maten sin og eg fann maten min. Etter lunsjen kledde eg på nokre av borna og sendte dei ut. Deretter vaska eg borda, tok stolane opp på borda og kosta under dei. Så kledde eg på meg sjølv og gjekk ut. Ute kosta eg litt sand og fann fram litt syklar. Så hadde eg pause. Halv 2 gjekk me inn og borna kledde av seg og fekk leike med litt klossar før det var ettermiddagsmat. Då var me alle på dei største sin avdeling, Uglerne. Etter maten rydda borna vekk maten sin og alle fekk inn i salen (gymsalen) å leike. Der passa eg på borna og trøsta ei som slo seg. Når klokka var 3 var eg ferdig for dagen.

Emma sin dag:

I dag når eg kom i barnehagen så skulle dei ete føremidagsfrukt, så ungane vart satt ved bordet og dei fekk fat og koppar så dei kunne ete det dei hadde med seg heiman ifrå. Det var ein del sjuke ungar på avdelingen og i resten av barnehagen så det var ein del ungar som vart henta tidleg på dagen. Resten av dagen har me teikna litt, lest bok og ungane har leikt fritt som dei har vilja. I løpet av dagen så har ungane ete to gonger til når eg var der, og då vart det gjort det same som med frukten tidlegare på dagen. Eg er jo og på den avdelinga med dei minste ungane, så i løpet av dagen så skal alle ungane sova ein til to gonger, avhengig av kor lenge dei søv. så på eit tidspunkt så låg alle ungane og sov, så då fekk me tid til å rydde litt og ta pause. Klokka tre var eg ferdig og skulle sykle for å møte Mona og Veslemøy.

Mona sin dag:

I begynnelsen var det frileik i nokre timar. Idag har barnehagen eg var i delt seg opp i grupper på alle avdelingane. Mi gruppe skulle ha gymnastikk i ein gymsal på ein skule som skal leggjast ned. Etter å ha vert her i ein time reiste me tilbake til barnehagen. Når me kom tilbake skulle me ete frukt, og deretter skulle me kle  på barna og reise ut. Når dette var gjort skulle eg vere ute ei stund før eg skulle inn klokka halv eitt for å ete lunsj. Etter lunsj reiste eg ut igjen heilt til eg skulle inn att for å ha frileik igjen. Etter frileik skulle eg heim.

 

Klokka 3 sykla me som sagt heim i lag. Veslemøy klarte sjølvsagt og tryna på sykkel på veg heim (da gjekk fint, fekk berre nokre blåveisar) så då stoppa me på "Folkebo´s bageri" og kjøpte oss 3 bollar kvar som ein trøst. Resten av kvelden har me ete middag i matsalen, endelig fått tatt oss ein dusj og berre slappa av. No gjer me oss klar for å legga oss så me er opplagde til ein ny dag i morgon. 



Emma, Mona og Veslemøy

Dei fyrste dagane i Danmark og i praksis

Me reiste ned hit i lag med frisørane, kokkane og helsefagarbeidarane og gjekk av på togstasjonen i Odense saman med læraren vår Lene. Der blei me møtt av søte Helle som skal vera kontaktpersonen/koordinatoren vår medan me er her nede. Ho køyrde oss til Dalum Landbrugsskole som me bur på. Der blei me vist litt rundt og deretter fekk me sjå romma våre. Sidan det var fyrste kvelden vår her og det var mykje følelsar innblanda bestemte me oss alle 3 for å sova på Emma sitt rom.

Mandags morgon stod me opp ca. 7, fiksa oss og gjekk ned i matsalen for å ete frukost. Halv 9 vart me henta av Lene og Helle som skulle følge oss til praksisplassane våre. Fyrst var me inn i Emma sin barnehage, Haustrupshave børnehus, og snakka med kontaktpersonen hennar Lone. Deretter reiste Mona, Veslemøy, Lene og Helle til barnehagen til Mona, Hjertegården børnehus. Der snakka me med Fie som er kontaktperson for Mona i barnehagen. Så reiste me bort i børnehuset KFUM der Veslemøy skal vera. Der snakka me med Mehmed som har ansvaret for ho. Så reiste me å kjøpte lunsj før me reiste tilbake til barnehagane og blei meir kjent der. Klokka halv 3 blei me henta av Helle, køyrde Lene tilbake til hotellet og reiste tilbake på internatet. Då fekk me syklane våre. Så slappa me av på internatet før me sykla ned på Føtex for å handla litt, og møte Lene. Når me var ferdige på Føtex kjøpte me oss mat på McDonalds også sykla me heim igjen.

Tirsdags morgon stod me opp halv 7, fiksa oss og gjekk ned i matsalen for å ete frukost. Me sykla til jobb, men siden det var fyrste gongen me skulle finne vegen til jobb på eigenhand og google maps ikkje var så lett å forstå, kom me ein halvtime for seint... Klokka 3 var me ferdige og sykla i lag tilbake til internatet. Ca. 17.30 sykla me ned til sentrum der me møtte Lene og Helle. Me åt pizza på Mamma´s pizzeria sidan Lene skulle reise tilbake til Norge dagen etter. På veg heim sykla me innom Føtex for å kjøpe buff og tepper. Det var ein veldig koselig kveld, men litt trist å sei hadet til Lene. 

  




 

Emma, Mona og Veslemøy

Tiiiiirsdag

Tirsdag var vår første arbeidsdag og vi skulle starte kl. 7. Dagen før hadde vi fått vite hvor vi skulle gå slik at vi kom oss til jobben når vi skulle. Hanne og Guro, så flinke som de er, klarte ikke å finne fram til busstasjonen og rakk ikke bussen. De måtte ta neste buss og kom da forseint til jobben med hele 40 minutter. Bra start. 

Ellers gikk første dagen i jobb ganske greit for alle av oss. Fine arbeidsplasser og mange nye inntrykk. 

Senere på dagen møtte vi kokkene og Marianne. Vi samlet oss på en fin restaurant som heter Bella Italia. Her koste vi oss med pizza og lasagne, pratet om dagen vår og sa hadet til Marianne.

   

- Isabell, Hanne Guro

 

Reisen til Danmark og første dag på jobb

Sønderborg

Me tok en fellesbuss fra Park hotell 08.30 saman med barn- og ungdom, kokkane, frisørane, medie og kommunikasjon, og bygg. Var framme på Flesland i god tid før flyet skulle reise. Der satt me å venta i flere timar. 

Då me endelig ankom Danmark tok me tog i ti minutter til jernbanestasjonen. Her hadde me to timar å bruka. Me brukte tida på å kjøpe oss litt mat. To timar senere tok me enda et tog. Frisørene og Barn- og ungdom gjekk av i Kolding og Odense. Kokkane og oss, som skulle til Sønderborg satt på toget i 3,5 timar før me var framme. Då me kom fram på tog stasjonen kom kona til han som eiger huset me bur i å henta oss. Me merka allerede at det var litt vanskelig å forstå kvarandre. Etter ein liten biltur, var me endelig framme i det vetle, fine dukkehuset me skal bu i, Slottsgade 5. 

Måndags morning vart me henta og kjørt til Ulkebøl, på Center for Korttidspladser, som er der Guro og Hanne skal ha praksisen sin. Der vart me godt tatt i mot med dekka frukostbord.. Der fekk me mykje informajon og omvisning på senteret. Etterpå vart me kjørt til Mølleparken Plejehjem. Der Isabell sal ha praksisen sin. der fekk me også ein del informasjon og omvisning.

Etter me var ferdige med besøk på praksisplassane reiste me på butikken, nærmare sagt Føtex. Som er Danmark sitt svar på Coop Obs/Europris. Der brukte me lang tid på å finn varer tilsvarande det me er vant til i Norge. Etter 1,5 timar på butikken kom me oss endelig heim. Det var ikkje berre berre å få kjøpt enkle ting som mjølk og ost. Me kom heim med yoghurt i staden for mjølk, og ost som smakte surt og 3 kilo kjøttdeig. På vegen heim var me innom eit kjøpesenter og kjøpte oss frozen yoghurt.



- Isabell, Hanne og Guro

 

 

Kven er me? -BUA

Odense

Heihei! Her kjem ein presentasjon av oss barne- og ungdomsarbeidarar som skal ha praksisen vår i Odense.


Mona, Emma og Veslemøy. Under oppholdet skal me bu på internat på Dalum Landbrugsskole.

Mona: 

Mitt navn er Mona Sleen og eg er 17 år. Eg kjem frå Voss og går vg2 barne- og ungdomsarbeidar på Rogne videregåande skule. Eg jobbar òg på Meny på Voss. Under oppholdet skal eg jobbe i ein barnehage som heiter Hjertegården børnehus og eg gledar meg veldig. 

Emma:

Mitt navn er Emma Svennes Ekrem og er 17 år. Eg kjem frå Voss og går vg2 barne- og ungdomarbeidar på Rogne videregåande skule på Voss. På fritida er eg med venner og er medlem av Voss speidergruppa. Under oppholdet skal eg jobbe i Haustrupshave børnehus og ser fram til dette samarbeidet. 

 

Veslemøy:

Eg heiter Veslemøy Gjelland Midthun og er 17 år. Eg kjem frå Voss og går på vg2 barne- og ungdomsarbeidar på Rogne videregåande skule på Voss. På fritida driv eg med 4H og jobbar på Evanger Spekjemat. Under oppholdet skal eg jobbe i Børnehuset KFUM og håpar dette blir kjekt. 

 

Kven er me?

Sønderborg

Hei alle saman, her kjem ein liten presentasjon frå oss helsefagarbeidarar her i Sønderborg


Her er det vetle dukkehuset me skal bu i desse 4 vekene


Isabell

Mitt navn er Isabell Skram Hagenson og jeg er 17 år gammel. Jeg kommer fra Voss og går på Rogne vidaregåande skule. I måneden framover skal jeg jobbe på en plass som heter Mølleparken pleiehjem. På fritiden driver jeg på med Zumba, og har en jobb som ringevikar på Voss sjukeheim. Jeg ser veldig fram til noen lærerike og spennende uker!

Hanne

Mitt namn er Hanne Kvitne. Eg er 18 år og kjem frå Voss. Eg går på Rogne vidargåande skule på Helsefagarbeidar. Eg jobber på Voss sjukeheim, og trivst veldig. Eg gleder meg å jobbe i Ulkebøl, eit center for kortidspasienter i månaden framover. Eg ser fram til å få nye erfaringer og opplevingar som kan hjelpe meg på vegen min til å verte sjukepleiar. 

Guro 

Mitt namn er Guro Gjernes Nedrevåg. Eg er 17 år gamal, kjem frå Kinsarvik. Eg går på Rogne vidaregåande skule, og trivst veldig. I tillegg jobbar eg på Apotek 1 Amfi Voss. I ein månad skal eg jobba i Ulkebøl, på Center for korttidspladser. Ser fram til ein månad med masse ny lærdom og opplevingar. 

 

KLARE FOR DANMARK

Då sitt me på Flesland og ventar på at flyet skal gå 13.40. Me gledar oss veldig, følg med på bloggen for å sjå all moroa me skal finna på:)

Helsing Guro, Hanne, Isabell, Emma, Mona og Veslemøy

Ny blogg!

Velkommen til blogg.no! :)

Dette er det aller første innlegget i din nye blogg. Her vil du finne nyttig informasjon, enten du er ny som blogger eller har blogget før.

Trenger du litt starthjelp finner du våre hjelpesider her: http://faq.blogg.no/, og vår engasjerte supportavdeling er tilgjengelig (nesten) 24/7.

Bloggen
Ønsker du å gjøre den nye bloggen din litt mer personlig anbefaler vi at du fyller ut profilinfo, og velger et design som passer til deg. Vil du bare komme i gang med bloggingen kan du starte et nytt innlegg.

Hashtags
Blogg.no bruker hashtags for å samle innlegg som handler om samme tema. Hashtags gjør det lettere å finne innlegg om akkurat det temaet du søker. Du kan lese mer om hashtags her: http://hashtags.blogg.no/

Andre nyttige sider
Infobloggen: http://info.blogg.no/
Vårt regelverk: http://faq.blogg.no/infosider/retningslinjer.html
Vilkår for bruk (ToS) og integritetspolicy: http://faq.blogg.no/?side=omoss

Nå som du har lest dette innlegget kan du redigere det eller slette det. Vær dog oppmerksom på at det alltid må være minst ett innlegg i bloggen for at den skal fungere - det er for eksempel ikke mulig å redigere designet uten at det finnes innlegg i bloggen.

Når du skal logge inn neste gang kan du gjøre det fra vår forside på http://blogg.no/.

 

Vi håper du vil trives hos oss!

hilsen teamet bak
blogg.no

 

blogg.no | logg inn | hjelp | regelverk | vilkår | om oss | kontakt oss | infobloggen

 

Les mer i arkivet » Mars 2017
rognetildanmark2017

rognetildanmark2017

17, Voss

Me er 6 jenter som går helsefagarbeidar og barne- og ungdomsarbeidar på Rogne Videregåande skule på Voss og skal ha praksisen vår i Danmark i 4 veker. Her kan de følgje med på oppholdet vårt:)

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits